Torsdag 18:00 - Lett øva
For å kunne melde på dette kurset må du kunne leie hesten din sjølv, stelle og sale på. Du må kunne kontrollere hesten din i trav, og du har prøvd å galoppere.
Du vil lære om hesten sitt eksteriør og instinkt, kva dei ulike delane på salen og hodelaget heiter, lære korleis sitsen påverkar hesten, ri over bommar og lave hinder og bli tryggare i galopp.
Ridekursa går fram til jul. Det blir satt opp halvårskurs då vi ønskjer å utvikle ryttarane hos oss i eit godt system over tid. Fokuset er trivsel og meistring, saman med den gode progresjonen og dyrevelferd som går hand i hand. Det er stort fokus på dyrevelferd om dagen, noko vi synest er veldig bra! Om ein kan bidra til å lage gode ryttarar, gjer ein også hestane friskare gjennom god riding.
"Ein treng god tid, om ein god ryttar skal bli ".
Totalsummen vert oppdelt i fakturaer som vert sendt ut kvar månad.